Avtal synsundersøking
Kontaktlinser
Vi fører kontaktlinser frå alle dei leiande produsentane i verda og importerer spesiallinser ut i frå den einskilde sitt behov.
Daglinser/ eingongslinser
Daglinser passar godt både til dei som brukar kontaktlinser sporadisk og dei som brukar kontaktlinser på heiltid. Nye kontaktlinser kvar dag minskar risikoen for infeksjonar i auga samanlikna med kontaktlinser ein byter ein gong i månaden. Beleggproblematikk er lite aktuelt med daglinser sidan ein tar på nye kvar gong. Somme brukarar reagerer allergisk på kontaktlinsevæsker, då kan også daglinser vere ein problemløysar. I tillegg slepp du å tenke på rensing og oppbevaring av kontaktlinsene, du berre kastar dei (i restboset) når du er ferdig og bruke dei. Daglinser fins både for deg med skeive hornhinner og for deg som treng multifokale/ progressive kontaktlinser. Er du plaga med tørre auger når du brukar kontaktlinser? Då kan daglinser med god fukteevne vere eit godt alternativ.
14-dagarslinser
14-dagarslinser har litt større leveringsområde enn daglinser, særleg med tanke på skeive hornhinner. I denne kategorien fins det ikkje så mange ulike merke, men for somme kan det vere eit godt val for å få nokså hyppig utskifting av kontaktlinsene kombinert med større utval av styrkeparametrar enn daglinsene har. Desse kontaktlinsene takast ut om kvelden og oppbevarast over natta i kontaktlinseetui fylt med reingjeringsvæske. 14-dagarslinsene er godkjent for å sove med, men skal då skiftast etter 1 veke, altså blir det då vekeslinser.
Månadslinser
Månadslinser, som namnet tilseier, fungerer slik at kontaktlinsene brukast i èin månad og når månaden er over kastar ein dei og startar på eit nytt par. Månadslinser leverast i 6-pakning i eit stort styrkeutval både som standardstyrkar, for skeive hornhinner og som progressive. Ein kan også få månadslinser som både korrigerer for skeive hornhinner og er progressive. Månadslinser er den økonomisk rimelegaste løysinga. I tillegg til kontaktlinsene treng ein også linsevæske. Der fins månadslinser som kun er berekna for dagbruk, medan somme merke er godkjent for kontinuerleg bruk, altså at ein kan sove med dei opptil 6 eller 30 netter i strekk alt etter kva materialet er godkjent for.
Kontaktlinser for personar over ca. 45 år
Personar som har passert ca. 45 år treng ulik styrke på lang avstand og på nært hald på grunn av alderslangsyntheit/ presbyopi. Behovet for synskorrigering av presbyopi kan for mange løysast med progressive/ multifokale kontaktlinser. Her fins det mange design og typer å velje mellom og det vil vere litt individuelt kva linsedesign som passar til ulike menneske og ulike synsfeil. Nokre gongar kan også såkalla «monovision» fungere godt; dette betyr at ein brukar einstyrkelinser og korrigerer det eine auget for å sjå på lang avstand og det andre for å sjå på nært hald. Som med mykje anna fungerer dette supert for somme, men er heilt uaktuelt for andre. Ein kan også velje ein kombinasjon mellom kontaktlinser og briller, der ein korrigerer avstandsstyrken i kontaktlinsene og brukar lesebriller utanpå ved behov.
Spesielle kontaktlinser
Det fins mjuke og harde kontaktlinser i veldig mange variantar. Harde kontaktlinser kan i utgangspunktet brukast av alle, men er ikkje så vanleg å velje lenger. Harde kontaktlinser brukast ofte viss det er uregelmessig hornhinne etter skade eller sjukdom, samt for å korrigere synsfeil som ikkje kan korrigerast med mjuke kontaktlinser eller med briller. I slike tilfelle er det ofte snakk om spesielle tilpassingar som skjer i samarbeid med NAV Hjelpemiddelsentral.
Kontaktlinser for begrensing av nærsyntheit/ myopi
Der fins spesielle kontaktlinser som blir brukt for å begrense utviklinga av nærsyntheit hos barn og unge. Dette kan vere både mjuke kontaktlinser med såkalla “dual focus” design og harde kontaktlinser for nattbruk (orto-k). Dette kan du lese litt meir om under emnet “Førebygging av nærsyntheit/ myopi” her.
Orto-k linser, altså kontaktlinser som ein set på for å forme hornhinna medan ein søv slik at ein ser godt på dagtid utan kontaktlinser, kan også brukast av vaksne nærsynte som ønskjer å sleppe å gå med kontaktlinser eller briller på dagtid. Dette kan vere eit godt alternativ særleg for dei som har mykje plager med tørre auger ved kontaktlinsebruk.
Visste du at…
Vi kan tilpasse alle typer kontaktlinser:
- Dagslinser
- Tovekerslinser
- Månadslinser
- Døgnlinser
- Myopikontrollinser
- Spesiallinser