Avtal synsundersøking
Brilleglas
Vi ønskjer å levere gode produkt til kundane våre og då er sjølvsagt brilleglas eit naturleg fokusområde. Slipeservice Rana AS, som vi kjøper glasa våre frå, leverer glas med høg kvalitet og har eit stort lager av einstyrkeglas. Val av brilleglas er hovudsakleg avhengig av styrke og bruksområde. Ved høgare styrkar blir det anbefalt glas med høgare brytningsindeks slik at glasa blir opptil 40% tynnare og lettare enn standardglas. I dag er det stort sett plastmateriale som nyttast i brilleglas. Det gir lette brilleglas med høg brotstyrke.
Einstyrkebriller
For brillebrukarar under ca. 45 år er einstyrkeglas mest vanleg. Dei fleste i denne aldersgruppa ser klart både på lang avstand og på nært hald med slike glas. Det kan vere nokre unntak frå denne regelen då somme kan ha behov for å få tilpassa glasa til ein spesiell arbeids- eller leseavstand.
Personar over ca. 45 år kan også bruke einstyrke briller, men må då ha ein styrke for å sjå på nært hald (lesebriller) og eventuelt ein annan styrke dersom det også trengs briller for å sjå på lang avstand (TV-/ køyre-/ “gåbriller”).
Etter 45 års alder er det oftast behov for ulik styrke om brillene skal brukast til lesing (ca. 40 cm avstand) eller til skjerm som ofte står på litt lenger avstand (som regel 60-80 cm).
Progressive briller
Progressive briller er det vanlegaste valet for dei som har passert 45 år. Desse glasa hjelper deg med å sjå godt på alle avstandar. I øvre del av glaset ser ein på lang avstand, midt i glaset ser ein på mellomavstand og nede i glaset ser ein på leseavstand. Med progressive briller har du hendene fri og slepp å byte briller kvar gong du skiftar fokus mellom avstand og nær, til dømes når du kikar på TV og innimellom skal sjekke noko på mobilen.
Generelt er progressive briller ei praktisk løysing slik at du slepp å ta av/ på lesebriller eller byte mellom avstands- og lesebriller stadig vekk, samt at du alltid har dei tilgjengeleg på nasen og slepp å bli opprådd fordi du har gløymt å ta med briller på butikken, på besøk eller anna og dermed ikkje ser skikkeleg. Ein må ikkje gå med dei progressive brillene fast dersom ein ikkje treng dei heile tida, men det er lurt å bruke dei nokså fast i starten for å venje seg til dei.
Databriller
Databriller er mest aktuelt for personar over 40-45 år som har problem med at dei brillene ein elles brukar ikkje fungerer på jobb ved skjerm. Databriller kallast gjerne terminalbriller. Terminalbriller kan også vere aktuelt for yngre personar som elles ikkje treng briller, men som må ha det for å kunne jobbe ved PC. Terminalbriller kan ha einstyrke glas tilpassa til arbeidsavstanden ved skjerm, eller det kan vere kontorprogressive glas dersom du treng ulik styrke til PC-skjermen og for å lese dokument eller anna på litt kortare avstand. Kontorprogressive glas skil seg frå vanlege progressive glas ved at det er mindre styrkegradering i glaset og du ser ikkje klart på lang avstand med dei. Dersom du jobbar ved PC ein betydeleg del av dagen og har behov for terminalbriller for å utføre arbeidet ditt, skal utgiftene til dette dekkast av arbeidsgivar. (Somme kan fungere bra med vanlege progressive briller også ved PC, men progressive briller kan ikkje definerast som terminalbriller. Progressive briller blir rekna som daglegbriller som du uansett treng, og kostnaden til desse må du dermed dekke sjølv.)
Arbeidsplasskjema finn du her. Dette kan du gjerne skrive ut og ta med til synsundersøking. Vi råder til å måle arbeidsavstandar før du kjem til oss slik at vi kan tilpasse styrken til rett avstand.
Filter for blått lys
Rigmor Baraas, professor i Optometri og synsvitskap, og Terje Christensen, professor II i strålemedisin og strålevernforskar, publiserte i juli 2021 ein kronikk med tittelen “Har du begynt å engste deg for blått lys? Det trenger du ikke!”. Dei har studert ulike effektar av blått lys og kan vise til at det ikkje er noko som tyder på at det å sitte lenge framfor ein skjerm vil medføre skader på auga. Målingane deira viser at blått lys frå digitale skjermar har lav lysstyrke, faktisk langt svakare enn til dømes lyset frå ein blå himmel, som også har for lav lysstyrke til å gi skade. Det same gjeld andre lyskjelder i omgjevnadene våre som inneheld meir blått lys enn det vi har vore van med, slik som nokre typar LED-lys.
Det er også snakk om blått lys i samband med sømn, og dei same forskarane forklarer at studier på dette området har gitt tvetydige resultat. Der er spesielle sanseceller i netthinna som ikkje bidreg til at vi ser, men som justerer døgnrytmen vår og korleis pupillane endrar storleik ut i frå kor mykje lys det er rundt oss. Desse cellene er mest følsame for blått lys. Mange ulike faktorar påverkar desse cellene: styrken og fargen på lyset, kor lenge du ser på eller er i lyset, når på døgnet det er i forhold til døgnrytma di, kva slags lys du har opphalde deg i eller sett på tidlegare i døgnet og i kva grad du allereie har sømnmangel. I tillegg spelar følsemda til tappane, altså sansecellene som bidreg til at du ser, ei rolle, og nøyaktig kva slags lysfargar desse er mest følsame for er individuelt. Ein har altså ikkje heilt klare svar med tanke på korleis det blå lyset påverkar oss. Ein må også hugse at det du faktisk ser på, og den kjenslemessige påverknaden du får etter ein lang kveld framfor skjermen, kan vere ein medverkande faktor med tanke på om du ikkje får sove.
Forskarane konkluderer med at med mindre ein har sjukdom eller er i kontakt med medikament som reagerer med lys og legen opplyser om det, så treng ein ikkje tenke på det; blått lys i rett mengde til rett tid er faktisk nødvendig for god helse.
Trass i at blått lys ikkje er skadeleg for oss kan det likevel vere slik at brilleglas som filtrerer vekk blått lys gir betre synskomfort og gjer at somme kjenner seg mindre sliten i auga. Til dette føremålet har vi “Blue cut”-filter som kan brukast i kombinasjon med alle typer brilleglas (einstyrke/ fleirstyrke/ dataglas). Slike glas har ein lys, gul tone. Om du ikkje har brukt briller tidlegare råder vi til å prøve utan filter først, det er nemleg god sjanse for at det er styrken heller enn blåfilteret som gir deg den hjelpa du treng.
Køyrebriller
Køyrebriller kan vere så mangt; det kan vere briller med vanlege einstyrke avstandsglas om det er det du treng, eller progressive glas dersom du har behov for det. Glasa kan også produserast med ulike variantar av farge.
I glassortimentet har vi eit glas som kallast Transitions Drivewear som kombinerer to teknologiar; Transitions® sin fotokromatiske teknologi og NuPolar® si polarisering. Desse glasa er altså både fargeskiftande og polariserte, og kan leverast både som einstyrkeglas og progressive glas.
Transistions Drivewear gir 100% UV-blokking, og med variasjon frå 63-90% farge gir dei veldig god kontrast- og djupnepersepsjon i ulike lystilhøve. Desse glasa er veldig behagelege å bruke i bil og er spesielt gode å bruke når veret og lystilhøva er utfordrande eller når det er mykje refleksar i vegbana. For deg som brukar mykje tid på vegen er dette eit fantastisk alternativ! Dei er også veldig bra til utandørsaktivitetar i skarpt lys eller sol og kan gjerne brukast ved fjellturar, sykling, padling, golf med meir. Og for ordens skuld: Drivewear glas skal ikkje brukast ved mørkekøyring, til det råder vi til å bruke glas utan farge.
Kom innom Synspunkt Ørsta, så kan vi vise deg glasprøver!
Solbrilleglas
Solbrilleglas med styrke kan monterast i nesten alle innfatningane våre, både som einstyrke og progressive glas. Sjølvsagt er det ein fordel å velje innfatningar som sit og dekker godt slik at det ikkje blir så mykje stråling inn frå sida eller ovanfrå, og slik at brillene sit godt på ved ulike aktivitetar. UV-blokking og solskjerming er ein god måte å ta vare på auga sine når sola skin.
Om ein i tillegg vil fjerne uønska refleksar frå sjø, snø eller våt vegbane kan ein velje polariserte solbrilleglass som filtrerer vekk refleksar frå horisontale flater. Polariserte solbriller gir veldig komfortabelt syn, men det er greit å vite at dei i somme tilfelle kan gi deg problem med å sjå på smarttelefonen, head up display i bilen eller liknande.
Er du vâr for sterkt lys eller vil unngå å byte til solbriller kvar gong du går ut? Då har vi fargeskiftande glas som er lyse når du er inne og blir mørkare ute i takt med kor mykje UV-strålar du blir eksponert for. Fargeskiftande glas blir nok ikkje fullt så mørke som vanlege solbriller i full sol, på veldig solrike dagar ønskjer derfor somme å bruke “suncover” utanpå i tillegg. Det er også greit å vere merksam på at fargeskiftande glas ikkje blir særleg mørke i bil, då UV-strålane blir stoppa i bilruta.
Synspunkt Ørsta har godt utval i fargeprøver, kom gjerne innom og sjå!
Vernebriller
For deg som er handverkar, industriarbeidar eller jobbar innan andre yrke som krev CE-sertifiserte vernebriller kan vi tilby vernebriller med styrke. Vi leverer både einstyrke, bifokale og progressive glas i fareklasse S og fareklasse F. Les meir om vernebriller her. Arbeidsplasskjema finn du her.