Vurdering av arbeidplassbriller
Har du problem med hovudverk, ubehag, kjensle av tørre auger, uskarpt syn, smerter i nakke eller blir fort trøytt og sliten framfor PC-skjermen på jobb? Eller kanskje du jobbar i eit miljø som krev vernebriller? Då råder vi deg til å få utført synsundersøking og eventuelt få tilpassa arbeidsplassbriller ved behov.
Vi har i mange år hatt avtalar med ei rekkje bedrifter for å levere gode arbeidsplassbriller til deira tilsette. Arbeidsgivar har plikt til å dekke kostnaden for databriller og/ eller vernebriller som tilfredsstiller arbeidstakar sitt behov for god synsergonomi og/ eller vern av auga på arbeidsplassen. Dette er beskrive i regelverket frå Arbeidstilsynet.
Skjemaet vårt for arbeidsplassbriller kan du finne her. Dette kan brukast både til databriller og vernebriller. Skriv gjerne ut skjemaet og ta med til synsundersøking. For å få styrken på brillene tilpassa til rett arbeidsavstand råder vi til å gjere nokre målingar på arbeidsplassen før du kjem til oss. Skjemaet kan også fungere som stadfesting til arbeidsgivar når det er ferdig utfylt etter testen.
Databriller er mest aktuelt for personar over 40-45 år som har problem med at dei brillene ein elles brukar ikkje fungerer på jobb ved skjerm. Databriller kallast gjerne terminalbriller. Terminalbriller kan også vere aktuelt for yngre personar som elles ikkje treng briller, men som må ha det for å kunne jobbe ved PC. Terminalbriller kan ha einstyrke glas tilpassa til arbeidsavstanden ved skjerm, eller det kan vere kontor-progressive glas dersom du treng ulik styrke til PC-skjermen og for å lese dokument eller anna på litt kortare avstand. Kontorprogressive glas skil seg frå vanlege progressive glas ved at det er mindre styrkegradering i glasa og du ser ikkje klart på lang avstand med dei.
Dersom du jobbar ved PC ein betydeleg del av dagen og har behov for eigne terminalbriller for å utføre arbeidet ditt, skal utgiftene til dette dekkast av arbeidsgivar. Det er vanleg at arbeidsgivar set ei øvre grense for kostnad til brilleinnfatning, slik at om du vel noko som har høgare kostnad betaler du mellomlegget sjølv.
Arbeidsgivaren har ikkje plikt til å dekke utgifter til briller eller kontaktlinser som arbeidstakaren også treng i dagleglivet/ utanom jobben. Somme kan til dømes fungere bra med standard progressive briller ved PC, men standard progressive briller som eignar seg til dagleg bruk blir ikkje rekna som databriller. Sidan progressive briller er rekna som daglegbriller som du uansett treng, må du dermed dekke kostnaden til desse sjølv.
Vernebriller med styrke kan vere aktuelt dersom arbeidstakar har behov for synskorrigering ved bruk av augevern. Arbeidsgivar skal sørge for at arbeidstakarane brukar personleg verneutstyr når sikkerheit, helse og velferd ikkje kan vernast på annan måte. Dette kan til dømes vere i arbeidsmiljø der tilsette er utsett for partiklar i lufta, gneistar, kjemikaliar eller andre gjenstandar som kan skade auga. Det er arbeidsgjevar som vurderer behovet for slikt verneutstyr og kva verneklasse glasa skal tilfredsstille.
Der er to ulike verneklasser med tanke på kor slagfaste vernebrilleglasa må vere:
- Verneklasse S – betyr at glaset skal ha forsterka mekanisk slagfastheit. Dette inneber at glaset skal tole at ei stålkule med 22 mm (44 g) diameter sleppast ned på vernebrillene frå 1,3 meters høgde. Glas i denne fareklassen brukast når skadefaren blir vurdert som lav. Her nyttar ein CR-39 glas.
- Verneklasse F – betyr at glaset må tole partiklar med høg hastigheit og lav anslagsenergi. Dette inneber at glaset skal tole at ei stålkule med 6 mm diameter blir sendt mot vernebrillene i 45 m/s. Glasa i denne fareklassen nyttast når arbeidstakar kan vere utsett for flygande objekt, typisk bruk er i mekanisk industri. Polykarbonat tilfredsstiller dette kravet (men polykarbonat er ikkje så resistent mot ein del kjemikaliar som CR-39).
Vernebriller har sidevern som gir ekstra sikkerheit, og dei skal ha godkjent CE-merking og leverast frå sertifisert produsent. Hos Synspunkt Ørsta hjelper vi deg med å finne rett styrke og brilleinnfatning, deretter blir vernebrillene bestilt frå leverandør som oppfyller europeisk standard med tanke på produksjon av brilleinnfatning og brilleglas og er CE-sertifisert for innsliping av glasa.
Ta kontakt med Synspunkt Ørsta dersom du treng tilpassing av arbeidsplassbriller!