Synsundersøking for barn
Det blir ofte sagt at synet er den dominerande sansen vår, og synet spelar heilt klart ei stor rolle for barn si utvikling og læring. Derfor er det viktig med synsundersøking hos barn og ungdom.
Små barn blir vurdert med jamne mellomrom på helsestasjonen med tanke på skjeling og anna. Det blir gjort ein enkel synstest ved 4-årskontrollen, og eventuelt elles ved helsestasjonskontrollar om ein ser behov for det. Dette blir gjort særleg med tanke på å oppdage barn som har, eller står i fare for å utvikle, redusert syn på eine auget (amblyopi), slik at dei kan få behandling som gir normal synsutvikling.
Utover oppfølgjinga på helsestasjonen i førskulealder er det foreldra sitt ansvar å sørge for at barnet har godt syn. Det er ikkje alltid så lett å oppdage om eit barn har synsproblem i kvardagen, men teikn som at barnet ofte har hovudverk, myser, blunkar mykje, ofte gnir seg i auga, dekker eine auget, brukar veldig kort leseavstand eller må anstrenge seg mykje ved nærarbeid kan tyde på problem med synet. Når barna blir litt større kan dei lettare sette ord på kva dei strevar med og det er dermed enklare å skjøne om det er behov for ein kontroll.
Ein bør vere merksam på at syn og samsyn kan være årsak til at barnet ikkje likar å lese, skrive eller har problem med å følgje med på skulen. Ofte er det lærar eller helsesøster som har råda til at eleven får ein sjekk av auga. Då bør ein følgje opp og få synet til barnet undersøkt hos optikar.
Vi rådar også til at alle barn som slit med konsentrasjonsvanskar, merksemd eller lese- og lærevanskar får undersøkt synet. Brytningsfeil eller problem med fokuseringsevne, augemotorikk eller samsyn kan i mange tilfelle vere årsak til slike symptom. Og om vi ikkje finn ei synsrelatert årsak, så veit ein i alle fall at det ikkje er synet som er problemet.
For mange barn kan allergi vere eit problem som gir til dømes kløe og svie i auga. Då hjelper det ikkje med briller, men synsundersøking kan likevel vere greit viss ein har slike symptom.
Fargesyn er også nyttig å teste med tanke på framtidig yrkesval, sidan mange yrke krev normalt fargesyn. 8 % av gutane og 0,3 % av jentene har fargesynsdefekt i ei eller anna form.
I somme tilfelle blir det gitt stønad frå NAV til behandlingsbriller for barn opp til 10 år. Dette gjeld barn som har fått påvist eller står i fare for å utvikle amblyopi (varig redusert syn på eine auget) på grunn av skjeling, stor styrke eller anna. Optikar kan hjelpe med å finne ut om dette er eit problem og skrive søknad om refusjon til dei som treng det. For å få fram opplysningane som trengs for å skrive denne søknaden må synet undersøkast etter drypping med dropar som midlertidig hindrar fokuseringsevna, slik at eventuell “skjult” langsyntheit blir avdekka. Optikar har autorisasjon for å bruke slike diagnostiske augedropar på barn som har fylt 5 år. Barn under denne alderen blir dermed råda til å få undersøking hos augelege.
Hos Synspunkt Ørsta har vi god kompetanse med tanke på å vurdere barn sin synsfunksjon. Bestill time til barnet ditt dersom du lurer på om det er problem med synet!