Kontaklinsetilpassing
Vi har tilpassa kontaktlinser i godt over 20 år og sett stor utvikling i materiale og kvalitet i løpet av desse åra. Som kjedeuavhengig har vi tilgang til alle produsentane sine kontaktlinser. Derfor kan vi velje den kontaktlinsa som vi meiner er den beste for deg.
Kontaktlinser er ein framandlekam som ligg inne på auga i relativt lang tid om gongen, og dette påfører auga dine ei høgare belastning enn ved brillebruk. Derfor, basert på kva type kontaktlinser du brukar, anbefaler vi ofte kontaktlinsekontroll minst ein gong i året. For somme er det behov for kontroll kvart halvår. Det er særleg viktig med regelmessig kontroll dersom du søv med kontaktlinsene dine. Barn som er i utvikling har også behov for tettare kontrollar. Om du er ein vaksen daglinsebrukar og er flink til å avlaste med briller er det ofte nok med kontroll annankvart år. Vi meiner det er viktig å følgje opp og passe på at auga dine tåler bruken av kontaktlinser, at styrken er rett og at kontaktlinsene du brukar er rett tilpassa for deg.
Her er 10 viktige råd ved kontaktlinsebruk:
- Vask hendene rett før innsetting og uttak -kvar gong!
- Bruk kontaktlinsene slik optikar har råda til
- Brukte linser kastast i restboset
- Linser for fleirgongsbruk reingjerast slik det blir beskrive i pakningsvedlegget til linsevæska
- Sjekk at du ser bra, at auga ser bra ut og at det kjennes bra
- Ta pause viss du kjenner ubehag
- Bruk briller innimellom for å avlaste auga
- Du må kun sove med kontaktlinser som er godkjent for dette
- Sov ALDRI med kontaktlinsene dersom du kjenner ubehag før legging, dette gjeld også sjølv om det berre er milde plager!
- Gå regelmessig til synsundersøking
Kjøper du kontaktlinser på nett? Du er sjølvsagt velkomen til kontaktlinsekontroll hos oss sjølv om du ikkje kjøper kontaktlinsene dine her. Vi har erfart at altfor mange som handlar kontaktlinser på nett let vere å gå til kontaktlinsekontroll og først kjem innom når det har oppstått problem. Førebygging er ei betre løysing.
Dersom du ikkje har brukt kontaktlinser før, men har lyst å starte med det, set vi av ekstra tid slik at du får opplæring i handtering og bruk av kontaktlinser.
Du er alltid velkomen hos Synspunkt Ørsta!