Førebygging av nærsyntheit/ myopi
Bakgrunn
Førebygging av nærsyntheit blir gjerne omtalt som myopikontroll. I den vestlege delen av verda, samt nokre land i Asia, blir befolkninga meir og meir nærsynt. I 2000 var det 21,9% nærsynte i vest-Europa, i 2030 er det rekna med at ein når 30%, og i 2050 viser prognosene at 56% vil vere nærsynte. I somme land i Asia er auken formidabel og ein snakkar om ein epidemi. Til dømes er over 80% av skulebarna i Taiwan nærsynte og i Sør-Korea er 97% av 19-åringar i militæret nærsynte. Med auke i generell nærsyntheit blir det også auke i høg nærsyntheit, noko som er knytta til større risiko for augesjukdom i vaksen alder; grå stær, grøn stær, netthinneavløysing og myopisk makulopati (endringar i skarpsynet som liknar på AMD). I Noreg viser ein nyare studie at 10,3% av ungdommane er nærsynte. Dette talet har vore stabilt i mange tiår, altså opplever vi ikkje den same auken her i landet.
Auke i nærsyntheit i befolkninga ser ut til å kome av endra livsstil, ikkje minst redusert utandørstid i dagslys og meir næraktivitet som bruk av nettbrett og mobil. Gener har også sitt å seie; viss ein forelder er nærsynt er det tre gongar større risiko for at barnet også blir det, og viss begge foreldra er nærsynte er risikoen dobbelt av det igjen.
Den globale utviklinga av nærsyntheit har ført med seg mykje forsking og det blir jobba med å finne behandlingsmetoder for å bremse utviklinga. Nokre alternativ er allereie godt utprøvd.
Tiltak og behandlingsmetodar
Det blir tilrådd at barn får minst to timar med utandørstid dagleg, då forsking viser at dette er gunstig og kan beskytte barna mot nærsyntutvikling. Effekten av dette er størst før barnet har begynt å utvikle nærsyntheit, start derfor tidleg med gode vanar.
Risikoen for auke i nærsyntheit er høgare for barn som les på veldig kort avstand (<20 cm) over lenger tid (>45 min). Det å lese er ikkje skadeleg i seg sjølv, men pass gjerne på om barnet les på normal avstand. Det er også eit godt råd å sørge for hyppige pauser ved lesing, det same gjeld med tanke på avgrensing av skjermbruk.
Når barnet først har begynt å utvikle nærsyntheit fins det spesielle kontaktlinser som kan nyttast for å begrense utviklinga. Både harde nattlinser som formar hornhinna medan ein søv og mjuke kontaktlinser til dagbruk kan nyttast. Dei harde linsene for nattbruk kallast på fagspråket ortokeratologilinser eller orto-k, men mange likar å kalle dei drøymelinser. Den store fordelen med desse nattlinsene er at ein ser godt heile tida; ein har godt syn når dei sit på auget (dvs. til/ frå/ i senga), og ein fortset å sjå godt når ein tar ut kontaktlinsene om morgonen. Med denne typen kontaktlinser treng ein altså ikkje bruke verken briller eller kontaktlinser på dagtid fordi nattlinsene gir ei midlertidig formendring av hornhinna i løpet av natta, slik at ein ser godt utan noko hjelpemiddel når kontaktlinsene har vore på auget den tida ein søv.
Nattlinsene for myopikontroll har gjerne ulik farge slik at det er lett å vite kva linse som skal på høgre og venstre auget.
Der fins også mjuke daglinser for myopikontroll. Desse fungerer på same måte som vanlege daglinser med tanke på handtering og komfort, men har ei oppbygging som inneheld både styrkesoner for å sjå klart på avstand og behandlingssoner som skal hjelpe med å begrense utvikling av nærsyntheit/ myopi.
Fellesnemnaren for både dei mjuke og dei harde kontaktlinsene som brukast for myopikontroll er at dei bryt lysstrålane og spreier dei på netthinna på ein måte som er gunstig med tanke på nærsyntutviklinga. Ein snakkar gjerne om eit perifert slør, som fungerer slik at auget ikkje blir trigga til lengdevekst i same grad som med “vanlege” briller og kontaktlinser.
Ved kontaktlinsebruk er det alltid lurt at ein også har eit par briller slik at ein kan avlaste auga ved behov.
Vi har drive med myopikontroll i mange år allereie og har god røynsle med å handtere denne problemstillinga. Vi meiner at om ein har eit nærsynt barn, og særleg dersom barnet har nærsynte foreldre, er det god grunn til å starte opp med myopikontroll frå relativt ung alder. For somme kan det vere aktuelt allereie frå om lag skulestartalder.
Ein del barn handterer kontaklinsene sjølv nokså tidleg, men om det er vanskeleg for dei lærer vi heller opp foreldra til å handtere kontaktlinsene i starten. Med tanke på risiko ved bruk av kontaktlinser blir den sett på som liten samanlikna med ulempene ved høgare nærsyntheit og komplikasjonar som følgje av det seinare i livet.
Vi ser i praksis at potensialet for å bremse nærsyntutviklinga er relativt stor. Ved myopikontroll er det lengdeveksten i auga som er viktig å halde tilbake, men dette heng jo nokså tett saman med styrkeendringar. Per i dag reknar ein med at det går an å oppnå 40-50% reduksjon i styrkeauken og effekten er betre til tidlegare ein begynner.
Det blir forska veldig mykje på myopikontroll rundt om i verda, men det vil ta tid før vi har svar på “alt” vi lurer på. I somme land har ein begynt å ta i bruk spesielle brilleglas som er designa for myopikontroll, desse har nyleg også blitt tilgjengeleg i Norge. Bruk av augedropar som kan bidra til å hindre utviklinga er også vanleg i somme land. Og det vil heilt sikkert kome nye alternativ etterkvart som ein får meir kunnskap!
Kontakt Synspunkt Ørsta dersom du lurer på noko om myopikontroll!