Augehelseundersøking
Vi i Synspunkt Ørsta har investert mykje i både kompetanse og avansert utstyr som kan hjelpe oss å ta vare på augehelsa di på ein best mogleg måte. I tillegg til å måle brillestyrke og finne ut kor godt du ser, kan vi sjekke om samsynet er normalt, vi brukar mikroskop (spaltelampe) for å vurdere utsjånaden på det indre og det ytre auget, måler trykket i auga dine og tar Optomap-bilder og OCT-skan. Vi har også instrument som gir muligheit for å sjekke om heile synsfeltet ditt er intakt og vi kan utføre topografiske målingar av hornhinna di.
Til saman kan desse målingane gi oss ei bra oversikt på korleis augehelsa di er og oppdage eventuelle sjukdomar i eit tidleg stadium. Med grunnlag i slike målingar kan vi skrive gode og nøyaktige tilvisingar til augelege dersom vi finn avvik som tilseier at undersøking og/ eller behandling hos spesialist er naudsynt.
Ein del personar går rundt med augesjukdom som dei sjølve ikkje har merka endå. Somme av desse augesjukdomane kan, dersom dei blir fanga opp i eit tidleg stadium, behandlast slik at ein hindrar permanente skader og at ein dermed kan fortsette å ha (tilnærma) full synsfunksjon. Det kan vere eit godt tips å prate med slektningane dine om deira augehelse med tanke på at ein del augesjukdomar er arvelege. Etter fylte 60 år er det endå viktigare å tenke på augehelse og følgje opp denne.
Om du har vore hos oss før har vi dine tidlegare data å samanlikne med for å sjå etter endringar og hos oss er du i trygge hender.
Ikkje utset det å ta vare på augehelsa di. Bestill time i dag dersom det begynner å bli ei stund sidan sist!