Akutte problem
Viss du av ein eller annan grunn har eit akutt problem er du som alltid velkomen til å ringe oss på telefon 700 69 700.
Det kan vere at du har øydelagd ei brille eller mista ei kontaktlinse, i slike tilfelle prøver vi å hjelpe deg så snart som råd.
Dersom du brukar kontaktlinser og trur ho kan ha blitt forskuva oppunder augeloket eller at ein bit av ei kontaktlinse ligg igjen på auget, kan vi raskt hjelpe deg med å finne ut av dette og få ut (delen av) kontaktlinsa som du ikkje får tak i. Om slike ting skjer på kvelden går det bra å sove med det til dagen etter, så ordnar vi det for deg då.
Men det kan også skje at du får mistanke om at det har oppstått noko akutt med auga. Vi prøver også då og hjelpe deg så godt vi kan. Viss det er rom for det i timeboka gir vi deg timeavtale same dag, men om dette ikkje er mogleg må vi heller hjelpe deg og gi råd om når du evt. bør ta kontakt med legevakt. Viss optikaren som undersøker deg ser grunn til å mistenke augesjukdom som treng rask behandling vil du bli tilvist til augelege i privat praksis eller til augeavdeling på sjukehus alt etter kva augesjukdom det er mistanke om. Ved behov eller etter førespurnad sender vi kopi til fastlegen.
Det er grunn til ein snarleg kontroll dersom eitt eller fleire av følgjande symptom oppstår plutseleg:
- tap av syn på eine eller begge auga
- midlertidig synstap der synet blir “grått” på eine auget og kjem tilbake etter ei lita stund
- sterk smerte
- sterk lysømfindtlegheit
- akutt raudt auge
- flekkar/ skuggar/ lysblink i synsfeltet
- endring i pupillstorleik
- dobbeltsyn
Ta gjerne ein telefon til oss viss du lurer på noko, så hjelper vi deg med å avklare kva du skal gjere.