Avtal synsundersøking
Vår historie
Vi, det vil seie ekteparet Marie Aambø og Frode Ryste, starta Ørsta Optiske AS i 1998. I starten vart firmaet drive utan kjedetilknyting, før det etterkvart vart etablert eit samarbeid med innkjøpskjeda C-Optikk. I 2006 inngjekk firmaet franchise-avtale med Specsavers Norge AS, men etter 15 år i Specsavers har vi tatt steget ut igjen og vil satse vidare med det nystarta Synspunkt-konseptet.
Frode jobbar ikkje i butikken til dagleg, men tar seg av mykje av det administrative arbeidet og fungerer mellom anna som dataansvarleg og vaktmeister. Marie har vore optikar sidan 1996 og har fast tilhaldsstad på synsundersøkingsrommet.
Vi er to optikarar hos Synspunkt Ørsta; Marie Aambø og Astrid Synnøve Aambø. Vi er søstre, har arbeidd i lag sidan oppstarten i 1998 og samarbeider godt. Astrid starta som butikkmedarbeidar då ho gjekk på vidaregåande skule, og tok grunnutdaninga som optikar på Kongsberg frå 2001 til 2004. Kvardagen vår er fylt opp med timeavtalar og vi driv med synsundersøking og kontaktlinsetilpassing heile arbeidstida. Vi har kvar våre område som vi har utvida kompetanse på og utfyller kvarandre godt slik at vi kan møte behova til alle som treng hjelp med synet og auga.
I butikken finn du til vanleg Britt Bjørdal. Britt har bakgrunn frå teknisk fagskule på Kongsberg og har lang fartstid i bransjen, då ho allereie hadde arbeidd nokre år i optikarforretning før ho starta hos oss i Ørsta i 1998. Vi har også behov for litt ekstra hjelp innimellom, og då er det Åshild du møter. Ho har vore hos oss sidan 2013 og har i perioder jobba i fulltidsstilling, så ho har også opparbeida seg solid kunnskap om briller, kontaktlinser og det vi elles har i sortimentet.
Etter 23 år med butikkdrift har vi mykje erfaring å ta med oss, men vi har alltid eit ønskje om å utvikle oss vidare for å tilby best mogleg fagleg kompetanse og god service. Vi diskuterer faglege problemstillingar i arbeidskvardagen, går på kurs, følgjer webinar, les fagartiklar og har auga opne for det som er nytt i faget og bransjen. Utstyrsparken vår er topp moderne og kan hjelpe oss med å løyse dei ulike problemstillingane vi møter blant kundane.
Vi har alltid hatt eit ønskje om å ta best mogleg vare på augehelsa til kvar einskild og legg mykje arbeid i å tileigne oss kunnskap for å møte dine behov. Dei fleste spørsmåla og problemstillingane vi møter på kan vi hjelpe med når du er innom, men ved behov kan vi tilvise til augelege for vidare undersøking. Vi samarbeider med alle augelegane i området og får epikriser tilbake når vi har tilvist nokon slik at vi kan følgje med vidare og vere oppdatert på synssituasjonen.
I butikken vår finn du eit breidt utval av brilleinnfatningar som passar for kvar smak. Vi er opptatt av kvalitet og design og at du skal finne fine briller, men det funksjonelle er sjølvsagt også veldig viktig. Vi har kunnskapen som trengs for å finne den rette brilleinnfatninga som passar til din brillestyrke og bruksområda som er viktig for deg. På verkstaden har vi utstyr til å hjelpe med tilpassing av brillene, og med reparasjonar av briller viss uhellet har vore ute.
Du og dine behov er vårt hovudfokus og vi vil at du skal oppleve kompetanse og kjenne deg trygg på at du er i gode hender hos oss.
Hjarteleg velkomen til oss i Synspunkt Ørsta!