Avtal synsundersøking
Garanti og vedlikehald
Fabrikasjonsfeil
Vi gir to års garanti på brilleinnfatningar og glas. Garantien gjeld ikkje skader som skuldast uhell eller normal slitasje.
Tilvenningsgaranti
Vi gir tilvenningsgaranti på progressive glas. Dersom du ikkje blir fornøgd med dei progressive glasa innan tre månader byter vi til bifokale (todelte) glas eller einstyrkeglas. Dersom den nye løysinga blir dyrare betaler du kun mellomlegget. Du bør bruke brillene fast i minst ein månad før det blir vurdert å byte glasa.
Fornøgdgaranti
Viss du ikkje er fornøgd med innfatninga du har valt kan den bytast innan to månader. Du betaler kun mellomlegg dersom dette blir ei dyrare løysing. Dersom glasa ikkje kan nyttast i den nye innfatninga du finn, er det enklare å kjøpe nytt par briller som vi tilbyr 50% rabatt på.
Reklamasjon
Du har reklamasjonsrett i følgje forbrukarkjøpslova, på briller og glas gjeld denne i to år. I følgje lova må du reklamere innan «rimeleg tid» etter at du har/ burde ha oppdaga feil ved vara, og det er vanleg å sjå på to månader som «rimeleg tid» i denne samanhengen. Vi set pris på om du gir oss beskjed så snart du har oppdaga ein mangel.
Råd om vedlikehald
- Bruk begge hender når du tar av deg brillene for å få mindre slitasje og oppretthalde forma på brilla.
- Kom innom og la oss justere brilleinnfatninga ved behov.
- Reingjer brilla ved å skylje i lunka vatn kvar dag. Bruk brillerens for å løyse vanskelege flekkar. Puss med ein rein brilleklut av mikrofiber, eventuelt bruk ein rein kjøkenhandduk.
- Våtserviettar kan brukast til reingjering så lenge det ikkje ligg partiklar på glasa som kan gi riper. Puss over ein ekstra gong etter at servietten har tørka for å få bort eventuelle våtrender.
- Brillene må ikkje utsettast for høg temperatur, som til dømes varmt vatn eller at dei blir liggande i sola, då dette kan gi krakelering i glasa.
- Legg alltid frå deg brillene med glasa opp.
- Legg brillene i etui når dei ikkje er i bruk og bruk medfølgjande klut til å verne glasa mot riper.