Smitteverntiltak
Vi set sikkerheita til kundane og personalet høgt og har forsterka rutinene våre med tanke på smittevern og hygiene slik at det skal vere trygt for deg som kunde å besøke oss i butikken. Smitteverntiltaka følgjer dei til ei kvar tid gjeldande retningslinene frå FHI/ Helsedirektoratet.
I butikken
Vi legg så godt det er mogleg til rette for å halde god avstand inne i butikken, og sørger for at handdesinfeksjon er tilgjengeleg. I tillegg passar vi på at:
- Innfatningar og solbriller blir desinfisert mellom kvar kunde som prøver dei
- Kontaktflater blir reingjort jamnleg
- Vi brukar munnbind ved tilpassing av briller/ påsetting av kontaktlinser og anna som gjer at vi må vere nærare enn 1 meter, i perioder med høgare smittetrykk har vi det på heile tida
Ved synsundersøking
Vi er nøye med handvask og vask av utsyr som brukast ved synsundersøkinga til vanleg, men no gjer vi det endå grundigare. Alt av utstyr ein kjem i kontakt med blir reingjort mellom kvar kunde. Vi brukar munnbind under heile undersøkinga.
Andre tiltak
Vi råder kundar til å flytte timen viss ein har influensaliknande symptom eller anna som tilseier auka smittefare. Tilsette som har influensaliknande symptom held seg heime frå jobb slik som råda frå FHI/ Helsedirektoratet tilseier.
Kva kan du gjere?
Du kan hjelpe ved å følgje råda som er gitt av helsemyndigheitene. Hald minst 1 meter avstand til andre når du besøker butikken, og bruk handdesinfeksjonen som er tilgjengeleg. Bruk munnbind når det er tilrådd. Vi ber også om at du ventar med å bestille time viss:
- Du har influensaliknande symptom
- Du eller andre i husstanden er i karantene
- Du har vore i utlandet siste 10 dagar
- Du ventar på svar frå koronatest