Tørre auge
Tørre auger blir ofte omtala som den nye folkesjukdomen, og er nok ein av dei viktigaste grunnane til at folk ønskjer undersøking hos optikar eller augelege. Tørt auge kan kome av redusert produksjon av tårer på grunn av sjukdom eller bruk av ulike medikament, men skuldast oftare at det er for høg fordamping av tårevæske frå overflata på auget. Når vi snakkar om tårevæska på overflata av auget refererer vi til tårefilmen, som ligg som ei tynn hinne på overflata av auget. Tårefilmen gir fukt og næring til auget og er ein vesentleg del av immunforsvaret på auget. Tørre auger på grunn av fordamping kjem av redusert funksjon i dei meibomske kjertlane som produserer feittstoff til tårefilmen (meibomsk kjertel dysfunksjon, MGD).
Typiske symptom på kjensle av tørre auger kan vere:
- sand-/ ruskkjensle
- svie/ såre auger
- brennande auger
- smerte
- kløe
- lysømfindtlegheit
- tåreflod
- variert synsskarpheit/ skarpheit endrar seg ved blunking
- raude auger
- trøytte auger
- ubehag ved bruk av kontaktlinser
Vind, høg temperatur, tørr luft, bruk av kontaktlinser, mykje skjermbruk, laseroperasjon for styrkereduksjon, hormonendringar ved overgangsalder, somme sjukdomar og ulike medisinar kan forsterke eller gi plager med tørre auger.
Behandling av tørre auger er avhengig av årsak, men kan gjerne omfatte augedropar, tårepunktspluggar, augelokshygiene, varme omslag/ varmemaske, augeloksmassasje, manuell tømming av feittkjertlane og lysbehandling av feittkjertlane. Skjermpauser, blunkeøvingar, luftfuktar, redusert innetemperatur, senking av PC-skjermen og redusert lysstyrke på skjermen kan også hjelpe, samt at det er viktig at ein får i seg nok væske og omega-3.
Kunstig tårevæske brukast for å smøre overflata på auget, fortynne tårefilmen, redusere konsentrasjonen av betennelsesstoff i tårefilmen og erstatte stoff som manglar i tårefilmen.
Ønskjer du vurdering av tørre auger? Ta kontakt med Synspunkt Ørsta!