Synsfeil/ brytningsfeil
Det fins ulike typer «vanlege» synsfeil/ brytningsfeil i auga. På netthinna vår er det kun eit lite, konsentrert område sentralt der vi har skarpsyn og fargesyn, dette kallast makula. Resten av netthinna sørgjer for at vi har sidesyn og kan oppfatte rørsle. For at vi skal kunne sjå skarpt må lyset som kjem inn i auget samlast (fokuserast) akkurat i makula. Ved ulike synsfeil blir ikkje lyset fokusert der det skal og objekta vi ser på verkar uskarpe.
Nærsyntheit (myopi): Ved nærsyntheit blir lyset som kjem inn i auga brote for mykje slik at lysstrålane blir samla framfor netthinna. Dette fører til at ting som er langt unna verkar uskarpe. Ein slik brytningsfeil blir korrigert med brilleglas eller kontaktlinser med minusstyrke.
Langsyntheit (hypermetropi): Ved langsyntheit blir lyset som kjem inn i auga brote for lite slik at lysstrålane ikkje rekk å bli samla før dei kjem til netthinna (vi får eit “tenkt” brennpunkt bak netthinna). Om ein er ung og har god fokuseringsevne kan ein i mange tilfeller “zoome” inn denne langsyntheita slik at ein likevel ser skarpt. Dette blir imidlertid verre når ein blir eldre og fokuseringsevna taper seg. Om ein er veldig langsynt kan det vere anstrengande eller umogleg å fokusere inn brytningsfeilen også i ung alder. Lavare grader av langsyntheit, som ein kompenserer bra for i mange situasjonar, kan for mange vere årsak til hovudverk, slitne auger og varierande synsskarpheit med meir. Langsyntheit er ein brytningsfeil som kan korrigerast med briller eller kontaktlinser med plusstyrke.
Skeive hornhinner (astigmatisme): Ved skeive hornhinner vil lyset bli brote i ulike fokallengder inne i auga. Noko av lyset kan derfor samlast i netthinna og noko vil ikkje samlast der, slik at objekt blir opplevd som uskarpe. Slike brytningfeil korrigerast med toriske brilleglass, toriske linser eller formstabile (harde) kontaktlinser. Skeive hornhinner er veldig ofte kombinert med enten nærsyntheit eller langsyntheit.
Alderslangsyntheit (presbyopi): Alderslangsyntheit betyr at vi mister fokuseringsevna vår med åra. Linsa inne i auget er veldig elastisk når vi er unge, men med tida blir linsa stivare og tjukkare. Då er ho mindre fleksibel og kan dermed ikkje endre lysbrytinga i auget (fokusere) automatisk lenger. Fram til ca. midten av 40-åra er det slik at dersom vi ikkje har nokon av brytningsfeila som er nemnt over, eller vi er rett korrigert med briller eller kontaktlinser, slappar auga våre av og ser godt når vi ser på lang avstand. Når vi flytter blikket til nært hald vil linsa automatisk justere seg slik at vi kan sjå godt også ved lesing og andre næraktivitetar. Etter denne alderen mister vi fokuseringsevna vår gradvis og vil på eit tidspunkt oppleve problem med å sjå godt på nært hald. Nærsynte kan ha den fordelen at dei ser godt på nært hald om dei tar av minusbrillene. Alderslangsyntheit/ presbyopi kan korrigerast med lesebriller, men dersom ein skal sjå klart både på avstand og på nært hald treng ein progressive briller. Multifokale kontaktlinser kan også vere eit alternativ for mange.
Merkar du at du ikkje ser like godt som før? Kontakt Synspunkt Ørsta for å få ein sjekk av synet!