Netthinneavløysing
Netthinneavløysing betyr at deler av netthinna losnar frå den bakre delen av auget på grunn av rifter, hol eller drag på netthinna. Dette skjer vanlegvis akutt. Symptom på netthinneavløysing kan vere skugge, slør, flytande uklarheiter i synsfeltet og lysglimt. Skuggen kan gjerne sjåast lengst ute i synsfeltet i starten, men bevegar seg gradvis mot sentrum. Somme kan oppleve det som ei rullgardin som blir trekt ned.
Tilstanden er alvorleg og behandlinga, som er bruk av laser eller kirurgi, må skje innan få dagar for at det skal bli eit vellukka resultat. Dersom tilstanden ikkje blir behandla fører det til varig svekka syn, svekka sidesyn eller blindheit.
Høg grad av nærsyntheit medfører høgare risiko for netthinneavløysing fordi nærsynte auger er lenger enn vanleg og netthinna tynnare. Andre kjende risikofaktorar er alder, slag mot auget/ augeregionen, arv, tidlegare grå stær-operasjon og tidlegare netthinneavløysing på det andre auget.
Om du får symptom som kan tyde på netthinneavløysing er det viktig at du reagerer raskt. Til tidlegare ein kan få utført behandlinga, til betre vil sluttresultatet vere. Ta kontakt med oss, så sjekkar vi auga om vi har rom for det i timeboka den dagen. Viss ikkje vi har muligheit til å sjekke auga dine same dag råder vi til å kontakte legevakt.
Det kan også vere greit å ha i bakhovudet at lysblink som kjem når du går inn i eit mørkt rom, når du legg deg eller står opp, viss du gnir auga, flyttar blikket litt fort, eller som berre skjer ein sjeldan gong og ikkje utviklar seg, reknast som normale. Men plutselege endringar skal du reagere på.
Kort oppsummert
Symptom på netthinneavløysing:
- Lys- eller lynglimt
- Bevegelege flekkar/ prikkar/ fluger/ skuggar i synsfeltet
- Tåkete syn
- Nokre opplever det som at ei rullgardin blir trekt ned framfor eine auget
Opplever du eitt eller fleire av desse symptoma? Ring optikar eller lege så snart som råd! Vi har muligheit til å akutt-tilvise deg til augelege slik at du raskt får nødvendig undersøking og behandling.
Har du spørsmål om netthinneavløysing? Ta gjerne kontakt med oss!