Makuladegenerasjon
Makuladegenerasjon (AMD) er aldersrelaterte endringar i skarpsynet (makula) på netthinna. Dette er kanskje oftast kjent som “forkalkningar i netthinna”, men det er eit misvisande uttrykk. Sjukdomen er ei vanleg årsak til svekking i det sentrale synsfeltet hos eldre. Risikofaktorar for å utvikle AMD er først og fremst høg alder, men røyking, usunt kosthald, høgt blodtrykk og arv er også vesentlege risikofaktorar. Røyking gir 3-4 gongar auka risiko for å utvikle AMD, og det er direkte samanheng mellom talet på røykte sigarettar og utvikling av AMD. For å oppretthalde best mogleg funksjon i den sentrale delen av netthinna (makula) er det viktig med god tilgang på vitaminar og mineralar. Ein bør derfor prøve å ha eit sunt kosthald rikt på grønsaker, bær, frukt, fisk og nøtter.
Sjukdomen rammar kun den sentrale delen av synet, altså skarpsynet. Symptom vil dermed vere at objekta ein ser på blir uklare eller deformerte, og ofte opplever ein at det blir bølgete i skarpsynet (rette linjer får bul eller blir skeive). Sidesynet fungerer som før, slik at ein framleis kan orientere seg ved hjelp av det ein ser utanfor skarpsynsområdet. Ein vil dermed ikkje bli heilt blind av AMD, men ein får problem med å sjå detaljar. Ved langtkomen sjukdom blir det til dømes vanskeleg å lese, sjå på bilder, kjenne igjen ansikt med meir.
Ei norsk undersøking har funne tidleg AMD hos 33,8% i aldersgruppa 51–60 år og 58,7% i aldersgruppa 81-90 år. I denne undersøkinga var det ingen med langt komen AMD i aldersgruppa 51-60 år, men førekomsten for langt komen AMD auka frå 2,5% i aldersgruppa 61–70 år til 8,5% for aldersgruppa 81–90 år.
Ein skil mellom to hovudtyper AMD. Den tørre typen er mest vanleg og står for ca. 90% av tilfella. Tørr AMD gir relativt langsomt tap av syn.
Synstapet skuldast redusert energiomsetning i cellene i makula og oppsamling av avfallsstoff, og ein vil på bilder av netthinna/ makula sjå det som kallast druser. På sikt kan dette føre til at vevet i makula blir øydelagt. Denne typen fins der per i dag ikkje behandling for i det offentlege, men der er nokre private klinikkar som har starta med lysbehandling av druser (Valedabehandling), og for ein del personar gir dette lovande resultat.
Våt AMD gir mykje hurtigare synstap, då det er knytta til utvikling av nye blodkar som er skjøre og dermed utsette for lekkasjar. Ved hurtig synstap er det viktig å kome raskt til undersøking slik at ein ved behov kan starte behandling for å bevare synet best mogleg. Ved våt AMD får ein sprøytebehandling hos augelege på sjukehus, og dette er avgjerande for å hindre vidare synstap.
Ved begynnande endringar i auget vil ein bli råda til å sjekke synet med eit rutenett på eiga hand innimellom, slik at ein lettare får med seg om synet blir endra og treng ekstra kontroll.
For å følgje med på endring går ein til jamnleg undersøking hos enten augelege eller optikar alt etter korleis tilstanden blir vurdert. Hos Synspunkt Ørsta har vi kunnskapen og dei instrumenta vi treng for å avdekke og følgje med på AMD slik at vi kan tilvise til augelege ved behov.