Keratokonus
Keratokonus er ein augesjukdom som rammar hornhinna i auget, og er kjenneteikna ved at det blir ei fortynning i hornhinna slik at ho endrar fasong. Hornhinna får dermed ei uregelmessig overflate, noko som kan gi redusert synsskarpheit og brytningsfeil som er vanskelege å korrigere med vanlege briller eller kontaktlinser. For mange med keratokonus oppnår ein betre syn ved bruk av kontaktlinser som er designa spesielt for denne tilstanden.
Keratokonus startar gjerne i tenåra og kan utvikle seg fram mot vaksen alder. Kor raskt utviklinga skjer er veldig individuelt. Hos personar som får keratokonus i vaksen alder er det ofte langt mindre grad av utvikling enn hos dei som får det tidleg. Keratokonus som er i endring kan vere aktuelt å behandle med såkalla cross linking, som fungerer som ei slags forsterking av hornhinna for å hindre vidare fortynning. I langt komne tilfelle kan også hornhinnetransplantasjon vere aktuelt.
Hos Synspunkt Ørsta har vi både utstyr og kompetanse for å oppdage keratokonus og kan tilvise til augelege for å få rett diagnose og behandling. Vi driv også med tilpassing av spesiallinser for keratokonus, og for dei det er aktuelt for hjelper vi med søknad til NAV hjelpemiddelsentral med tanke på dekking av utgifter til synshjelpemiddel. Tidlegare ga keratokonusdiagnosen automatisk rett til dekking, men slik er det ikkje lenger. Reglane blir endra og tilpassa innimellom, og per i dag er det slik at om kostnaden tilsvarer utgiftene ein elles ville hatt for å korrigere vanlege brytningsfeil får ein ikkje stønad (dvs. kun dei som har ekstraordinært store utgifter til briller og kontaktlinser får dekt noko).