Grøn stær
Grøn stær, eller glaukom, er ein snikande augesjukdom som påverkar synsnerven og nervefibrane i auget. Denne sjukdomen fører til utfall i (tap av) synsfeltet og kan i ytste konsekvens føre til blindheit. Det kan ta fleire år før ein merkar at det er noko gale med synet, og når ein sjølv merkar sjukdomen har ein allereie mista minst 40 % av synsfeltet. Skader på auga som følgje av grøn stær er ikkje reversible (kan ikkje reparerast). Derfor er det ekstra viktig å oppdage ein slik sjukdom på eit tidleg stadium for å kunne starte behandling og minimere skadeomfanget.
Grøn stær er arveleg. Men det er noko alle kan få og det er ein av grunnane til at vi råder til jamnlege synsundersøkingar. Ein kan få grøn stær i enten eitt eller begge auger.
Den mest vanlege behandlinga for grøn stær er trykksenkande augedropar. Det kan også vere aktuelt med laserbehandling for å senke trykket, dette må augelegen avgjere ut i frå individuell vurdering. For somme kan det vere aktuelt med operasjon for å legge inn eit slags dren, dette blir vanlegvis brukt dersom andre tiltak ikkje er nok til å redusere trykket i auga.
Hos Synspunkt Ørsta er vi alltid på vakt for å oppdage grøn stær på eit tidleg stadium. Om det er grunn til å mistenke utvikling av grøn stær er det viktig å vurdere utsjånaden av auget i mikroskopet, sjå etter endringar i synsnerven ved foto, måle trykket i auga og sjekke synsfeltet. Det er også nyttig å måle tjukkelsen på nervefiberlaget i netthinna. Alle desse testane har vi muligheit til å gjennomføre i vår klinikk. Dersom vi mistenker grøn stær tilviser vi til augelege for rett diagnose og behandling.
Er det tid for rutineundersøking av synet ditt? Bestill time hos Synspunkt Ørsta!