Grå stær
Grå stær, eller katarakt, er ei gradvis endring av linsa vi har inne i auget. Linsa blir stadig meir dunkel og mindre gjennomsiktig med åra. Ein kan sjå på grå stær som ei normal aldersrelatert endring på lik linje med smilerynker og grått hår. Dersom linsa blir så lite gjennomsiktig at synskvaliteten går betydeleg ned, er det mogleg å bytte ut linsa i auget med ei kunstig linse. Dette gjerast med ein operasjon hos augekirurg. Statistisk sett er det lite risiko knytta til operasjon av grå stær, men ein må alltid kalkulere med ein viss risiko når eit kirurgisk inngrep skal utførast. Ein opererer derfor ikkje grå stær som ikkje gir vesentlege plager for den det gjeld.
I samråd med deg som pasient kan optikarane tilvise til ein av dei lokale augelegane dersom ein ser at du har grå stær/ katarakt som kan vere aktuell for operasjon. Lokalt blir operasjon for grå stær utført på augeavdelinga på Ålesund sjukehus eller på Medi 3 AS i Ålesund. Størsteparten av kostnaden blir på begge stader dekt av NAV, men ein må betale ein standard eigenandelssats.
Ein må rekne med endring i brillestyrken etter operasjon for grå stær, men styrkeendring er ikkje hovudføremålet med operasjonar utført i det offentlege. Det er likevel vanleg at ein prøver å redusere styrken særleg for dei som har høge brillestyrkar, slik at ein blir mindre avhengig av briller og unngår å få så tjukke og tunge brilleglas etter operasjonen.
For somme kan det vere aktuelt å få operert inn linser som også kompenserer for stor hornhinneskeivheit, atter andre ønskjer å få operert inn progressive linser for å kunne sjå både på avstand og på nært hald etter operasjonen. Meirkostnaden for dette må ein eventuelt dekke sjølv, og ein må reise litt lenger for å få dette utført.
Grå stær er noko vi vurderer kvar einaste dag på jobb og vi brukar tid på å diskutere plager og behov for å tilvise vidare for vurdering av operasjon i «rett» tid.
Bestill time hos Synspunkt Ørsta dersom du treng meir informasjon om grå stær i dine auger!