Generelt om augehelse
Førebygging
Som med resten av kroppen er også auga påverka av korleis vi lever. Ein god regel er at det som er sunt for resten av kroppen også er sunt for auga. Noko av det viktigaste du kan gjere for å ta vare på augehelsa lengst mogleg er faktisk å la vere å røyke. Vidare er det viktig med god tilgang på vitaminar og mineralar, og ein bør derfor prøve å ha eit sunt kosthald rikt på grønsaker, bær, frukt, fisk, grove kornprodukt og nøtter, og begrense seg til eit moderat inntak av alkohol. Fysisk aktivitet er også bra for kroppen generelt, og i auga bidreg det til å oppretthalde god energiomsetnad i cellene.
Undersøk synet og auga dine regelmessig
Hos oss sjekkar vi meir enn brillestyrken. Vi sjekkar også augehelsa di. Tidleg oppdaging og tidleg behandling av sjukdomar gir betre prognose med tanke på utfallet av sjukdomen. Auga dine fortel oss meir enn du kanskje trur. Til dømes ligg blodkara i netthinna godt synleg. Dei kan fortelje noko om den generelle helsa; forma på blodkara, tjukkelsesforholdet mellom arterier og vener, og måten arterien kryssar vena på er nyttig informasjon. Er det små mikroblødningar (lekkasjar) frå blodårene? Dette, med meir, er noko vi ser på når vi undersøker auga dine.
Familiær augehistorikk
Fleire augesjukdomar er arvelege. Det er derfor viktig å vite om nokon i familien har vore plaga med augesjukdom fordi du kan vere i risikogruppa for å utvikle den same tilstanden.
Vern auga dine
Bruk vernebriller når det er behov for det. Noko som beskyttar auga dine bør vere ein naturleg del av arbeidsantrekket når du jobbar med industri eller handverk som kan føre til skader på auga dine. Dette gjeld også til dømes når du mekkar i garasjen, klipper greiner i hagen eller jobbar i vedskogen. Solbriller er også viktig augevern for å hindre UV-stråling inn i auget. På same måte som huda kan få skade av UV-strålar kan ein også få skader i auga. Dette kan vere både akutt skade, slik som at ein kan bli snøblind, og langtidsverknader slik som grå stær, aldersrelatert makuladegenerasjon (AMD) og kreft i/ rundt auga. Barn er oftast meir ute, og auga deira er meir utsette for UV-lys fordi linsa slepp gjennom meir stråling i ung alder, derfor er det endå viktigare med flittig bruk av gode solbriller hos dei yngste.
La auga kvile
I kvardagen brukar vi stadig meir tid framfor ein eller annan skjerm på nært hald. La auga få pause innimellom! Bruk gjerne 20-20-20 regelen, som seier at kvart 20. minutt skal du sjå minst 20 sekund på noko som er minst 20 meter unna. Eller du kan legge inn til dømes 15 minutt pause for kvar 2. time ved skjerm. Set gjerne ein alarm på mobilen for å minne deg på dette. Slik kan du redusere plager som trøytte, såre eller tørre auger. Om ein les lenge, ser lenge på TV, held på lenge med handarbeid eller anna kan ein også oppleve liknande plager. Dersom regelmessige pauser ikkje er nok, kan det vere på tide med ein sjekk av synet.
Augehygiene
Pass på å oppretthalde god handhygiene viss du må ta deg på/ rundt auga. Dette er særleg viktig når ein brukar kontaktlinser. Har ein barn i barnehage er ein ekstra utsett for augeinfeksjonar -god hygiene kan vere med på å førebygge smitte både med tanke på dette og andre infeksjonar av ulike slag.
Sjølvtest
Den beste synstesten du kan gjere sjølv er at du av og til held framfor eitt auge om gongen og samanliknar. Ha gjerne eit referansepunkt i terrenget eller anna som du følgjer med på. På denne måten kan du reagere på endringar i synet ditt og bestille ein test dersom det er noko du stussar på.
Har du spørsmål om augehelse? Ta gjerne kontakt med oss i Synspunkt Ørsta!