Flytarar i synsfeltet
Flytarar i synsfeltet kan opplevast som prikkar, strekar, støv, rumpetroll, fluger eller anna, og er veldig vanleg. Flytarane i seg sjølv er ufarlege, men kan til tider vere irriterande. Ein ser dei gjerne lettare mot ein jamn, lys bakgrunn, slik som ein lys vegg, blå himmel eller snødekt landskap.
Dersom flytarane oppstår plutseleg kan det kome av akutte endringar inne i auget og vere alvorleg. Ved plutseleg auke i talet på flytarar på eine eller begge auga råder vi til å ta kontakt med optikar eller lege same dag. Akutt auke i talet på flytarar er nok oftast eit teikn på at gelen i auget losnar (vitreous-/ corpus-/ glaslekamavløysing), dette skjer hos dei fleste med åra og medfører oftast ikkje komplikasjonar. Men slike symptom kan også skuldast blødningar eller netthinneavløysing, og då kan det haste.
Om du plutseleg får lysblink i synsfeltet er det også eit symptom du skal reagere raskt på, og dette kjem gjerne i lag med nye flytarar. For å finne ut om det “berre” er gelen som losnar, eller om det har oppstått blødningar eller rifter/ hol i netthinna som kan føre til netthinneavløysing, må synet og auga sjekkast slik at ein får behandling tidleg og aukar sjansen for å bevare godt syn.
Har du fleire spørsmål om flytarar? Ta gjerne kontakt med oss i Synspunkt Ørsta!