Digitalt augestress
Det blir forska mykje på digitalt augestress, som også kan kallast Computer Vision Syndrome eller Digital Eye Strain. Digitalt augestress er ei ny diagnose i det moderne samfunnet og har blitt eit problem for mange menneske. Der fins studier som indikerer at opptil 40% av vaksne og 80% av tenåringar rapporterer om augeplager relatert til bruk av digitale einingar.
Allereie frå skulealder er det mange som opplever at dei har plager som kjensle av anstrengde auger, hovudverk, tåkete eller uklart syn, tørre auger, samt smerte i nakke og skuldrar. Årsaka ligg i namnet, altså mange timar dagleg med skjermbruk. Dette gjeld både PC-skjerm, nettbrett og ikkje minst mobiltelefonen fordi skjermen er så liten. Ein blir sittande i same stilling over lang tid, noko som fører til ein statisk situasjon for heile kroppen. For auga blir det statisk både fordi augebevegelsane blir små, samt at fokuseringa blir låst til ein bestemt avstand. I tillegg går blunkefrekvensen ned når ein fokuserer på ein skjerm.
Det er viktig at ein tar regelmessige pauser. Eit vanleg fagleg råd er å følgje 20-20-20 regelen; kvart 20. minutt skal ein sjå på noko som er minst 20 meter vekk i minst 20 sekund. Andre foreslår heller å ta pause minst 15 minutt for kvar 2. time ved skjerm. Her må du finne ut kva som fungerer for deg. I mange tilfelle kan ein svak brillekorreksjon vere til stor nytte og der fins ulike brilleglasløysingar til dette. Somme har også god nytte av å dryppe auga med kunstig tårevæske ein eller fleire gongar om dagen.
Om ein har symptom på digitalt augestress er det naturleg at ein får utført synsundersøking dersom ein ikkje har gjort det tidlegare eller om det er nokre år sidan sist undersøking.
Bestill time hos Synspunkt Ørsta for å finne ut kva dine auger har behov for!