Barn si augehelse
Det er heldigvis sjeldan at barn får problem med augesjukdom. Men funksjonelle synsplager kan gjerne vise seg i løpet av barneåra. Det blir ofte sagt at synet er den dominerande sansen vår, og synet spelar heilt klart ei stor rolle for barn si utvikling og læring. Vi råder derfor til å få undersøking av synet hos barn og ungdom dersom det er noko du lurer på.
Små barn blir vurdert med jamne mellomrom på helsestasjonen med tanke på skjeling og anna. Det blir gjort ein enkel synstest ved 4-årskontrollen, og eventuelt elles ved helsestasjonskontrollar om ein ser behov for det. Dette blir gjort særleg med tanke på å oppdage barn som har, eller står i fare for å utvikle, redusert syn på eine auget (amblyopi), slik at dei kan få behandling som gir normal synsutvikling.
Utover oppfølgjinga på helsestasjonen i førskulealder er det foreldra sitt ansvar å sørge for at barnet har godt syn. Men det er ikkje alltid så lett å oppdage om eit barn har synsproblem i kvardagen. Teikn som at barnet ofte har hovudverk, myser, blunkar mykje, ofte gnir seg i auga, dekker eine auget, brukar veldig kort leseavstand eller må anstrenge seg mykje ved nærarbeid kan tyde på problem med synet. Når barna blir litt større kan dei lettare sette ord på kva dei strevar med og det er dermed enklare å skjøne om det er behov for ein kontroll.
Ein bør vere merksam på at syn og samsyn kan vere årsak til at barnet ikkje likar å lese, skrive eller har problem med å følgje med på skulen. Ofte er det lærar eller helsesøster som har råda til at eleven får ein sjekk av auga. Då bør ein følgje opp og få synet til barnet undersøkt hos optikar.
Vi råder også til at alle barn som slit med konsentrasjonsvanskar, merksemd eller lese- og lærevanskar får undersøkt synet. Brytningsfeil eller problem med fokuseringsevne, augemotorikk eller samsyn kan i mange tilfelle vere årsak til slike symptom. Og om vi ikkje finn ei synsrelatert årsak, så veit ein i alle fall at synet ikkje er problemet.
For mange barn kan allergi vere eit problem som gir til dømes kløe og svie i auga. Då hjelper det ikkje med briller, men synsundersøking kan likevel vere greit viss ein har slike symptom.
Med tanke på førebygging av synsfeil har ein gjennom forsking begynt å få ein del informasjon når det gjeld utvikling av nærsyntheit. På grunnlag av denne forskinga blir det tilrådd at barn får minst to timar med utandørstid dagleg fordi det viser seg at dette er gunstig og kan beskytte barna mot nærsyntutvikling. Effekten av dette er størst før barnet har begynt å utvikle nærsyntheit, start derfor tidleg med gode vanar.
Risikoen for auke i nærsyntheit er høgare for barn som les på veldig kort avstand (<20 cm) over lenger tid (>45 min). Det å lese er ikkje skadeleg i seg sjølv, men følg gjerne med på om barnet les på normal avstand. Det er også eit godt råd å sørge for hyppige pauser ved lesing, det same gjeld med tanke på avgrensing av skjermbruk.
Synspunkt Ørsta har god kompetanse på barn sitt syn og augehelse. Bestill time hos oss dersom barnet ditt treng synsundersøking!