Augemigrene
Augemigrene/ migrene utan hovudverk
Relativt ofte høyrer vi om personar som opplever ei synsforstyrring som oftast varer 15-20 minutt, men kan variere frå 5 minutt og opp til ein time. Somme ser sikk-sakk mønster enten i svart kvitt eller i fargar, andre opplever det som å sjå gjennom vatn eller at det er som om det er ein damp som kjem inn i synsfeltet. Somme rapporterer at delar av synsfeltet er uklart eller kanskje borte i ein periode. Oftast startar det i ein liten del av synsfeltet før det gradvis breier seg utover, blir der ei lita stund, og gradvis forsvinn igjen. Dette er typiske symptom på migrene. Men somme gongar kjem synsforstyrringane utan hovudverk, og då kallar vi det gjerne augemigrene.
I utgangspunktet er dette noko som skjer ein sjeldan gong, kanskje eit par gongar i løpet av eit år, og ikkje representerer eit problem. Likevel, om det skjer ofte er det ein god idè å snakke med fastlegen om det for å forsikre om at det ikkje er noko anna på gong.
Eit typisk teikn på tilstanden er at det kjem i begge auger. Ofte tenker ein at det kun er på venstre auget viss det er noko som ligg til venstre i synsfeltet. Men om du opplever dette bør du dekke eitt auge om gongen og sjå om det kanskje ligg noko litt ut på sida i synsfeltet på begge auger. Og om du let att auga vil du gjerne framleis sjå at der er noko som forstyrrar framfor auga. For dei fleste medfører ikkje dette så store plager, men ein må oftast ta ein pause frå det ein held på med då det er vanskeleg/ ubehageleg å bruke synet medan synsforstyrringa er der.
Ofte er det personar som tidlegare har hatt klassisk migrene med synsforstyrring og hovudverk som seinare i livet får migrene utan hovudverk. Det er vanlegvis ikkje snakk om noko behandling for augemigrene, men ein kan gjerne tenke på om ein får nok sømn, gjere tiltak for å redusere stress eller unngå det som ein eventuelt veit er kjende triggerar for migrene (til dømes einskilde matvarer, parfymer, sterkt lys med meir).
Bestill time hos Synspunkt Ørsta for synsundersøking om du har behov for ein sjekk av dine auger!