Nye brilleinnfatningar

Vi har bytt ut heile varelageret og Synspunkt Ørsta har mange fine, nye brilleinnfatningar å tilby. Om du er ute etter slitestyrke og funksjonalitet kan det hende briller frå merket CAT blir din nye favoritt. CAT står for det stødige, solide og pålitelege; her finn ein tidlause og fine former i nøytrale fargar og ulike storleikar. Noko å sjå etter for menn med sans for kvalitet og berekraft.

Det siste merket vi har fått inn er frå ein spansk designar, Xavier Garcia, som held til i Barcelona. Fritt oversett frå nettsida til det merket kan ein lese at “Kvar brille frå Xavier Garcia er eit lite kunstverk der ekstrem utforsking har resultert i former, proporsjonar og fargar. Alle kreasjonane gir framifrå komfort, passar inn i ein urban livsstil, er distinkt og alltid i stand til å oppnå merksemd”. Noko for den som vil skilje seg litt ut i mengda!