Ny butikk

For tida held vi ope i midlertidig lokale i andre etasje og med inngong frå baksida. Men sidan 01.11.21 har det vore stor byggeaktivitet i første etasje hos Synspunkt Ørsta. Vi legg om planløysinga slik at vi tar i bruk heile etasjen på bakkeplan til butikkdrift. For at det skal bli funksjonelt vart vi nøydd til å rive den gamle verkstaden og nokre andre veggar.

No har vi bygd ny verkstad med betre plass å jobbe på, samt at vi har fått eit lagerrom i tilknyting til verkstaden. Vi byggjer også eit fint venteareal nede slik at du som kunde kan slappe av i trivelege omgjevnader medan du ventar på timeavtalen din, samt at dei som kjem i følgje med nokon har ein plass for å sitte og vente.

Og så er der sjølvsagt god plass til den nye butikken! Koronasituasjonen og litt andre grunnar fører til ekstra ventetid på somme ting, så vi må smøre oss med tolmod før vi får sjå det ferdige resultatet. Men så blir det veldig bra til slutt! Vi gleder oss stort til å flytte ned igjen og ta i bruk nye lokale! Her får du ein liten smakebit frå teikningane: