OCT-kurs

Vi i Synspunkt Ørsta ønskjer alltid å halde oss oppdatert slik at vi kan gi best mogleg hjelp til dei som kjem til oss. Det siste halvåret har Astrid og Marie deltatt på OCT-kurs for å få meir kunnskap om OCT-maskiner og tolkinga av skan som blir tatt med ein slik maskin. Mesteparten av kurset vart halde på nett på grunn av koronasituasjonen, men vi var også eit par dagar på USN Kongsberg med førelesingar, workshop og leverandørpresentasjonar. Oppgåveskriving og eksamen er også vel gjennomført.

OCT står for Optical Coherence Tomography, og eit OCT-instrument er laga for å skanne dei ulike laga som netthinna er bygd opp av. På grunn av ulik refleksjon av lyskjelda i dei ulike cellelaga får ein opp eit bilde som kan minne om ultralydbilder eller ekkoloddbilder. Innsikta som dette intrumentet bidreg med gir høve til å følgje med på endringar i auga i langt større grad enn når ein brukar kamera som “berre” tar overflatebilder av netthinna (fundusfoto) og ein kan dermed oppdage augesjukdom opptil fleire år tidlegare enn før. OCT-maskinen som vi har tar både fundusbilde og OCT-skan.

Under kan du sjå eit eksempel på bilder frå vår OCT-maskin. Personen det har blitt tatt bilde av har aldersrelatert makuladegenerasjon, AMD:

Vil du at vi skal undersøke dine auger? Ta kontakt med oss på tlf. 700 69 700.